Korleis navigere i helsevesenet når barnet ditt ikkje har det bra og det ikke fins gode tilbod?

 Skrevet Av mor til deltager i villmarksterapi-programmet.

 
 
 

Datter vår fann sjølv Norsk Meistring på nettet, etter fire år med aukande behov for psykisk behandling.

Først helsesøster, så psykolog ved BUP, kartlegging, medisinering utan merkbar effekt, depresjon, innleggelsar, samtalar, sjølvmordstankar, endå meir samtalar, sjølvskading, kognitive idear og meir samtalar, sovemedisin...

Men alt dette i ein spiral i feil retning, innover i einsemd, i sjølvransaking, sjølvmordstankar, tankekøyr, eit vanvittig tankekøyr!

Som foreldre oppfatta vi tilbodet frå helsevesenet som ei stigmatisering eller ei bekrefting på at ho skulle føle seg sjuk, ikkje passe inn, vere sjuk. Vi stritta imot både medisinering og innlegging, det føltes berre feil og at ho vart endå meir distansert frå kvardagen. Men ovanfor henne støtta vi sjølvsagt dei «forsøka» som vart foreslått. Ei veldig berg-og-dalbane for oss foreldre, å kjempe mot, men samtidig vere med på teamet og støtte. Og når fagfolk meiner kva som er best, og datter vår manglar livsmot... då prøver ein alt då.

Alle møta med lærarar, bup, ppt, rådgjevar, foreldre og den sårbare jenta vår. Ei vanvittig påkjenning for ei ung sjel, å få bekrefting på at du er ei belastning, eit problem, alle auge retta mot deg, alle med ei blokk i fanget, og ein penn. Som foreldre såg vi at dette kosta mykje, det føltes som eit overgrep. At ikkje vi stoppa det...

Alle vil godt, alle vil finne ei løysing, og bevares... BUP har mange gode verktøy å samtale rundt.

Men det vart nok, eit alternativ til alt dette vart å avslutte. Men det enda heldigvis ikkje med det, ....denne gongen. Ein psykiater utfordra henne til å tenke nye vegar, kome seg ut i lag med nokon, gjerne utanfor helsevesenet. Han understreka at samtalar ikkje passar for alle. Han støtta oss i at medisinering ikkje var det rette for henne, det var ein lettelse for oss. Men han fekk ikkje støtte med BUP i ideen om å tenke utanfor helsevesenet.

Jenta vår var på psykiatrisk avdeling og såg på livet som gjekk forbi utanfor hennar einsame boble. Ho leita på nettet, der fann ho Norsk Meistring. Her kunne ho få eit avbrekk frå alt, få vere ute. Ho har alltid vore ei utejente, tøff og robust i uteaktivitetar. No kunne kanskje dette vere eit vendepunkt.

Villmarksterapi.

Mange må overtalast til å bli med Espen og teamet hans ut i villmarka, men ikkje jenta vår, ho var klar. Klar for å kome seg ut av mørket og einsemda, utfordre sjølvmordstankane og meistre villmarka. Det var forlokkande, spanande men også skummelt.

Det var sjølvsagt utfordringar med økonomi og å få fri frå skule, men det vart raskt teke ei avgjer på at dette prøver vi, skulen var positiv. I lag med andre ungdomar skulle ho blottlegge seg sjølv på ein heilt anna måte. Ingen medisin, ingen sosiale mediar, ingen foreldre, ikkje sjanse til å dra dyna over haudet...

Det vart bestilt flybillett til Trondheim, så tog til Røros der Espen tok imot.

Espen fortalde om krafta i flammane av eit bål, og her ute i villmarka fekk jenta vår satt ord på det som låg der som ei tung blokk, om mobbinga.

På dei 10 dagane skjedde store ting. Ho lærte om følelsene sine, konfronterte sjølvmordstankane, kjende på reaksjonane sine, vart provosert, måtte bidra.

Ho kom heim med ein plan, ein plan om å leve, om å delta, ta plass, utfordre seg sjølv, utforske verda med menneska i, kanskje finne ut at folk flest er ganske ok.

Det skjedde ikkje ein revolusjon med det same etter at ho kom heim, men Espen var tilgjengeleg når det butta, og dei hadde ein avtale. Den var mellom dei to, vi observerte berre ei aukande lyst til deltaking, om å bli sjølvstendig, utfordre seg sjølv. Den var merkbar og ho hadde eit fokus. Fokuset var viktigare enn einsemda. Men einsemda er fortsatt ei utfordring og dreg henne tilbake i gamle spor, men så er Espen der og minner henne på krafta frå bålet, og så er familia der.

Det gjekk ca 2 mnd etter turen før ho kunne seie i høgt at dagane i Femunden var ei vending, at ho hadde fått med seg nyttige verkemiddel til å halde liv i flammen.

Villmarksterapi vart eit vendepunkt.

Espen og teamet møter ungdomane ute i naturen, utan uromoment frå kvardagslivet. Espen har ein utruleg måte å nå inn, luke vekk uvesentlige ting, ta tak i kjerna og stille kompasset. Sjølvmedlidenheit har ikkje plass på dette kartet.

Livet kan vere brutalt, det veit vi alle. Dei som har opplevd å bli svikta eller gjort urett mot, skal vi fikse dei??? ..Blir ikkje det ei forlenging av mobbinga? Det er godt å få hjelp og vegleiing til å takle. Først akseptere og føle, reagere og sortere, men så finne krafta til å meistre. Finne si styrke og bygge vidare på den... å leve er den beste medisin!

Og som Espen seier; «Dei fleste menneska er faktisk ganske okey, og når ho får trua på folk rundt seg kan ho etterkvart få trua på seg sjølv igjen.»

Så enkelt som det.

Mamma.

 
Villmarksterapi i Femundsmarka. Foto: espenholmgren
På dei 10 dagane skjedde store ting. Ho lærte om følelsene sine, konfronterte sjølvmordstankane, kjende på reaksjonane sine, vart provosert, måtte bidra